NyheterPåmelding til klubbkveld
24.09.2018
Avlyst onsdag 31.10 og onsdag 7.11 og onsdag 14.11 Me håpar flest mulig installerer appen SPOND. Søk på spond i app store eller Google play og installer. (eventuelt me kan leggja deg til manuelt med din e-post). Opne appen og lag ny konto. Du vil få ein kode som må leggjast inn. Gruppekoden til Samnanger Bk er CSUNB. Eventuelt send mail dersom du vil melde deg på via e-post. Det er fullt mulig å bruke Spond, kun via internett. Då kan ein melde seg på og sjå kven andre som er påmeldt. Ta kontakt dersom ein er interessert i å bruke internett i staden for appen. Leiaren Klubbspelinga startar opp att onsdag 19. september
13.09.2018
Klubbspelinga starar onsdag 19. september kl 18:30 på biblioteket på Bjørkheim. Håpar så mange som mulig kan stille på spelingane framover, sjølv om ein ikkje har makker. Høgdeopphald; me er 9 par påmeldt og det er plass til 3 par til. Gje beskjed (samnanger.bk@gmail.com/91171229) så snart som mulig dersom ein vil vera med. Blir helga 9-11 november. Junior bridge; Os har juniorbridge anna kvar fredag for aldersgruppe 8-18 år. Dei er 15-20 ungdommar og har plass til Samninga óg. Kjenner de nokon som kunne tenkt seg å vera med, så gje beskjed (samnanger.bk@gmail.com/91171229). Me vil prøv å ordna med transport utover til Os. Samnanger BK blir med å arrangera KM-lag. Blir sannsynlegvis laurdag 16. mars 2019. Den gamle påmeldingsløysinga til klubbkveldane er lagt ned og me prøver å finne ei ny. Me vil nå teste ut Spond som er ein app, men kan óg bruka e-post eller sms i staden for. Kjem til å senda ut link til registrering, kun for testing i første omgang. https://group.spond.com/CSUNB Høgdeopphald i Bergsdalen 9-11. november
02.09.2018
Samnanger BK og Melandsknekten BK tek sikte på å arrangere høgdeopphald i Bergsdalen i tradisjonell stil helga 9.– 11. november 2018. Føresetnaden for arrangementet er at det blir minimum 16 spelarar på alle turneringane. Sjå innbydelse under "Les mer...." Påmeldte frå Samnanger BK (frist søndag 9. september plass til fleire): Henry Wathle-Bjørg Brynie Robert Veland Reidar Kjenes-Erling Danielsen Terje Sæbø Påske singel
02.03.2018
Ottar vann påske singelen. Geir på 2. og Roald på 3. plass. Resultater => her Morten kretsmester i IMPs across the field
20.01.2018
Gratulerar til Morten Haugen og Christian Bakke som vann KM IMPs across the field. Sjekk¨kretsen si heimeside for alle resultat www.nbfhordaland.org/ Handicap
23.12.2017
Det blir klubbkveld med handicap beregning. Sjå video frå NBF => her Sjå óg meir info under "les mer..." Medlemsliste med HCP => her Medlemskontingent 2018
05.12.2017
Årskontingenten i Samnanger BK for 2018 blir: Standard medlem: kr 350.- Betalas inn til kasserar(Ove) eller til bankkonto nr: 3562 50 54522, eventuelt med VIPPS: kode 131170 innan 31.12.2017. Ungdommar i Samnanger kjem for å læra å spela bridge
30.11.2017
Ungdomsrådet ønskjer å arrangera spelekveldar med bridge for ungdommar i Samnanger. Klubben vil stille opp onsdag 6. og 13. desember. Opplegget blir å læra dei lynbridge først, slik at me kjem fort i gang med spelinga. Håper så mange medlemmar som mulig kan stille. Kva lynbridge går ut på kan ein lesa => her Kom kun ein ungdom denne onsdagen, men prøver igjen onsdag 13. desember. Han som kom var veldig interessert og var med oss på ein lagkamp. Har meldt seg inn i klubben! Prøver å få med seg nokre venner neste gang. Invitasjon => her
|