NyheterÅrsmøte
17.04.2024
Siste spelekveld før sommaren med årsmøte blir måndag 13. mai. Start som vanleg klokka 18.15. Papira til møtet blir lagt ut ca ei veke før. Saker til møtet kan sendast på epost til lfjellro@gmail.com innan 10. mai. Nytt starttidspunkt på klubbkveldane!
15.01.2024
Frå og med måndag 22. januar blir starttidspunktet på spelekveldane endra til 18.15, altså 15 minuttar tidlegare enn det som har vore i mange år. Årsaka er at det passar noko betre med fergeruter, både til Fusa og til Austevoll. Vi reknar med å vera ferdig med spelinga ca 21.30 etter denne endringa. Vel møtt!
. Hugs å vipps!
09.01.2024
Hugs å vippsa 70.- pr. spelar for klubbkveldane. Dei som ynskjer kan betala samla for alle spelekveldane fram til sommaravslutninga kr. 1080.- (18 kveldar a 60 pr kveld)
Same procedure as every year
30.12.2023
Same procedure as every year. Juleturnering laurdag 30. desember
10.10.2023
Klubbspelinga er igang igjen
27.08.2023
Då er klubbspelinga igang igjen etter ferien. Det blir speling kvar måndag framover, også valdagen 11. september. Som forrige sesong er speleavgifta kr. 70.- pr. kveld. Hugs å vipps den. Evt. kan ein betala samla for alle 18 spelekveldane fram til jul. Då er avgifta 60.- pr kveld. Totalt blir det 1380,- som inkluderer årskontigent for 2024. Fjellro ved roret
25.05.2023
Siste spelekveld før sommaren blei avvikla måndag 22. mai. Som vanleg blei det halde årsmøte før spelinga siste spelekveld. Reidar Dale hadde takka nei til attval som leiar, og som ny leiar blei Leif Fjellro valt. Elles er styret som før; Wenche Trogersen Nyborg, Joleiv Midttveit, Linda Rasmussen og Leif Juvik. Årsmelding og rekneskap kan lesast på link i saka under. Klubbspelinga tek no pause. Første spelekveld over sommaren blir måndag 21. august. Vel møtt då, og god sommar til alle.
Leif Fjellro er ny leiar i klubben. Siste spelekveld for sesongen med årsmøte
17.05.2023
Siste spelekveld før sommaren med årsmøte blir måndag 22. mai. Start som vanleg klokka 18.30. Papira til møtet ligg på linken her Vel møtt!
|